Kunsten speler ei rolle: Utvalde verk frå samlinga i Det Norske Teatret
I samband med visninga av Under open himmel av Steve Tesich har Oslo kommunes kunstsamling inngått eit samarbeid med Det Norske Teatret om lån av kunstverk til bruk i framsyninga.
I tillegg viser Oslo kommunes kunstsamling utvalde verk frå samlinga i foajeen og publikumsareala til teateret. Utforsk desse kunstverka her.
- Kategori
- Utstilling
- Dato for arrangement
Jim Darbu
This is The End, 2021
Steingodsleire og akryl
Innkjøpt av Oslo kommunes kunstordning, 2022
Jim Darbu (f.1981) bur og jobbar i Oslo. Darbu lagar hovudsakleg figurative skulpturar i forskjellig uttrykk og størrelse. Darbu er keramikar, men han bruker også andre materialar og teknikkar som sement, epoksy, silikon og 3D-printing.
Universet til Darbu er fylt av merkelege skapningar inspirert av populærkultur, og spesielt av film og teikneseriar. Skulpturane er som oftast små, og med få unntak har dei reine og klåre fargar. Dei kan opplevast som underfundige, komiske og vulgære, men dei har også djupare og eksistensielle lag i seg. Dauden ligg ofte på lur. Skulpturen This is The End (2021) er i så måte ikkje noko unntak. Om dette verket seier Darbu at det handlar om medvit rundt eiga døyelegheit: «Når i evolusjonen gjekk det opp for oss at vi var døyelege, og byrja leve liva våre deretter? Skulpturen eg har laga viser kanskje akkurat denne augneblinken der det går opp for dette vesenet at det lever på lånt tid.»
Jakob Schmidt
Havn, Tanger II, 1988
P.V.A., akryl og lakk på lerret
Innkjøpt av 2%-fondet, 1988
Jakob Schmidt (f.1947-1992) var ein norsk nonfigurativ målar. I første halvdel av 1980-åra var norsk kunst prega av ekspresjonisme og figurasjon. Schmidt framstod difor som ein anakronisme med «hard edge»-måleria sine. Ifølgje han sjølv handla det ikkje om å reise til Berlin eller New York og følgje tidas siste skrik. Det å måle var for Schmidt ei indre, personleg sak.
Tilnærminga hans handla om å fjerne alt han tykte var overflødig, slik at uttrykket vart så konsentrert og minimalt som mogleg. Det viktigaste var det ferdige resultatet, heilskapen, og den stemninga som biletet skapte.
Havn, Tanger II har ei blank, svart flate med eit rektangulært felt i blank oransje, og eit lite, svart matt kvadratisk felt til høgre i biletet. Går du tett innpå kan du sjå undermålinga som delvis skin igjennom, og du kan sjå at dei geometriske figurane ikkje er heilt perfekte, men måla for hand. Nett denne blandinga av nærværet av kunstnaren si hand og dei tilsynelatande perfekte geometriske komposisjonane, bidreg til spenning.
May von Krogh
Float like a butterfly, sting like a bee. The hands can’t hit what the eyes can’t see, 2016
Steingods, billakk og skinnfarge
Innkjøpt av Oslo kommunes kunstordning, 2016
May von Krogh (f.1977) bur og jobbar i Larvik i Vestfold. Ho jobbar med skulptur og installasjon i eit figurativt, detaljrikt formspråk der den handverksmessige utforminga speler ei viktig rolle. Materialen er ofte høgbrent porselen.
Skulpturane hennar ligg i grenselandet mellom det vakre og det urovekkjande, noko som får oss til å stoppe opp og tenkje.
Skulpturen Float like a butterfly, sting like a bee. The hands can’t hit what the eyes can’t see (2016) framstiller eit barn som med eit intenst og konfronterande blikk, utfordrar publikummet sitt.
Auga er meir skremmande enn dei overdimensjonerte boksehanskane. Tittelen er eit sitat henta frå den tidlegare tungvektsboksaren Muhammed Ali, som i tillegg til dugleikane han viste i ringen, var aktivist, kjent for kampen for religionsfridom og rettferd for afroamerikanarane. Teke ut av samanhengen kan vi lese tittelen som at han viser til ein generell overlevingsstatistikk i ei verd prega av spenningar og konflikt.
Eline Mugaas
Dancer’s Hands, 2014
Giclée trykk
Innkjøpt av Oslo kommunes kunstordning, 2014
Eline Mugaas (f.1969) bur og jobbar i Oslo. Ho jobbar med fotografi, video og fotocollage, og kjem stadig attende til motiv frå byar, landskap og interiør. Gjennom ein kombinasjon av snapshotestetikk og iscenesetjing, inviterer ho publikum til å sjå kulissane for kvardagslivet med nye auge.
I verket Dancer's hands blir vi tatt med inn i eit rom. Tittelen fortel oss at det er ein dansar vi ser. Det er nærliggjande å tenkje seg at dansaren er på ein scene, men den runde forma vi ser i fotografiet minner vel så mykje om ein sokkel. Det mørklagde andletet er heilt utilgjengeleg. Hendene strekkjer seg fram og vender seg mot oss i eit gåtefullt språk. Er det ein reell skikkelse vi står overfor, eller er det sjølvaste «kunstverket» på veg ned frå sokkelen som kjem oss truande og forførande i møte?
Linda Bournane Engelberth
Albi, Dar Es Saalam (Outside the Binary), 2020
Inkjetprint
Innkjøpt av Oslo kommunes kunstordning, 2023
Linda Bournane Engelberth (f.1977 i Oslo) er norsk-algerisk og bur og arbeider i Oslo. Ho er ein kamerabasert kunstnar som har søkjelys på personlege forteljingar, og på kva som bind menneske i hop i ei tid prega av stadig aukande polarisering.
Outside the Binary (2020) er ein serie portrett av menneske som identifiserer seg utanfor tokjønnsmodellen. For nokon kan det bety at dei har både mannleg og kvinneleg identitet, eller noko midt imellom. Ein mogleg definisjon er «kjønnsfluid», som refererer til eitt kjønn som varierer over tid – ein kan då skifte mellom å kjenne seg meir mannleg eller kvinneleg, men også androgyn eller nøytral. Ein annan identitetsdefinisjon er «agendaer». Dette kan bety at ein ikkje definerer seg gjennom kjønn i det heile. Menneska i prosjektet kjem frå ulike delar av verda, men deler mange av dei same erfaringane. Verket som er utstilt er ein del av ein serie som framleis er under utvikling.
Lars Korff Lofthus
Drik til Bunden, 2021
Treskjæring, akryl, olje og lakk
Innkjøpt av Oslo kommunes kunstordning, 2022
Lars Korff Lofthus (f.1978). Bur og arbeider i Bergen og Hardanger. Lofthus jobbar hovudsakleg med måleri, teikningar og skulptur. Motiva hans tar ofte utgangspunkt i norske handverkstradisjonar, kulturarv og folkekultur som mange kjenner frå nasjons- og identitetsdanninga i Noreg. I kunsten til Lofthus finn vi fjord, skogar og fjell, ruteåkle (ein folkeleg variant av biletvev), rosemåla skåp og ølbollar.
Lofthus både omfamnar og utfordrar desse motiva og tradisjonane gjennom å pare dei med vår eiga samtid. Det velkjende i ny drakt eller òg avkledd? Ei ny, ukonvensjonell forståing av det tradisjonelle? Ein homoerotisk nasjonalromantikk? Same kva; velfødde, nakne og hårete menn i tradisjonslandskap er gjennomgåande innslag i kunsten til Lofthus.
Verket Drik til Bunden er ein ølbolle med krumma hank på kvar side. Forma er ein slags syntese av ølbollane som er typiske for staden der Lofthus vaks opp, Sørfjorden og Indre Hardanger. «Drik til Bunden & takk så Eieren med Haanden & Munden» lyder den tvitydige teksten som er måla på.
Arvid Pettersen
The evidential boot of the dead pusher, 1985
Akryl på lerret
Innkjøpt av 2%-fondet, 1988
Arvid Pettersen (f.1943) bur og arbeider i Bergen. Pettersen er å rekne som ein nestor innan nyare norsk målerihistorie med eit kunstnarleg virke som har vart i over femti år.
Gjennom desse åra har Pettersen bevega seg gjennom mange måleritradisjonar, sjangrar og motivkrinsar. Korleis måle landskap, portrett og stilleben? Dette er noko Pettersen har testa ut og freista å finne nye inngangar til, ofte i eit formspråk som utan vanskar blandar det figurative og det abstrakte. Trass i alle variasjonane og uviljen mot å gjenta seg sjølv, har Pettersen skapt ei eige personleg biletunivers som gjev seg til kjenne uavhengig av kva han vel å måle.
Om måleriet The evidential boot of the dead pusher (1985) forklarar Pettersen at «det låg på golvet medan eg brummande og agerande skvetta og spruta akrylmålinga på lerretet. Støvelen var ikkje i utgangspunktet tilsikta som motiv, han dukka høveleg opp som ein såkalla «Gefundenes Fressen», og som den opportunisten eg er, følgde eg ’støvelsporet’.»
Gro Jessen
Hei piggtråd, 1982
Stofftrykk på bomull
Innkjøpt av Kulturutvalgets innkjøpskomité, 1983
Gro Jessen (f.1938-2003) var ein pioner innanfor stofftrykk i Noreg. I 1970-åra var ho med på å løfte stofftrykk som eit kunstnarleg medium. Det skjedde parallelt med at Norske kunsthåndverkere (1975) og bladet Kunsthåndverk (1980) vart stifta.
Hei piggtråd er trykt på eit grovt vove bomullsstoff. Strukturen i veven i bomullsstoffet kan, om det blir blåse opp, minne om eit nettinggjerde. Blikkfanget er dei tre flugene som har hamna på kvar sin stikkande, svarte piggtrådstreng.
Piggtråd og gjerde har opp igjennom historia blitt brukt i krig og konfliktar til å stenge folk inne eller ute og slik markere grenser. Her blir desse dystre assosiasjonane motverka av humoren og det lette i tittelen Hei piggtråd. Gro Jessen var svært oppteken av dyr, og framheva gjerne den uskylda dei representerer. Tolka i dette lyset peikar «Hei» i tittelen på verket mot fluga sitt tillitsfulle møte med ei brutal verd. Men det endar dårleg – dei tre flugene ser meir eller mindre smadra ut.